Allidrett - Oppstart

Gjennom allidrett får barn moglegheit til å bli kjent med eigen kropp og kva dei er i stand til å meistre. Aktivitetane skal stimulere barnas fysiske, psykiske og sosiale utvikling, og gi ei innføring i fleire idrettar. Leik er gjennomgåande, medan friidrett, handball, fotball og turn vil bli introdusert i ulike periodar. Målet er å gi borna ei positiv oppleving av fysisk aktivitet og idrett. Det skal både vere gøy og gi god trening!

Tilbodet er for barn født mellom 2017-2020.

På fyrste økt MÅ alle barn kome i fylgje med ein vaksen. Sidan satsar vi på å få ei ordning der det er kvar sin tur å bidra til førebuing og opprydding, samt hjelpe barna ved behov.
Barn under 6 år må alltid ha med ein vaksen.

Utstyr
• Vassflaske
• Sko til innandørs bruk

Forrige
Forrige

Snipsøyrvatnet Rundt